Du Som Sorg Kann Svala


Du, som Sorg kann svala
Du, som Troyst kann tala
Sælt til Hjarta saart,
Raads og Storverks Ande,
Liv i Daudens Lande,
Ljos paa Vegen klaart!
Giv oss Kraft
Og Livsens Saft!
Lat din hoge Himmelgivnad
Lysa i vaar Livnad!

Lat vaar Tunga gloda,
Hjartat yverfloda
Av Guds Lov paa Jord!
Lær du oss aa beda,
Ber vaar Sorg og Gleda
Framfyr Gud i Ord!
Giv oss Mod
I STriden god!
Naar vaar Fiend vil oss herja,
Styrk oss med di Verja!

Livssol, lys med Klaare,
Livsbrunn, still den saare
Hjarte-Torsten min!
Naadesalve, grod meg
Himmelgneiste, glod meg
Upp med Elden din!
Kom og gjer
Ditt Tempel her,
Lat din Altar-Eld meg kjenna
I mitt Hjarta brenna!

Dogg, fraa Himmeldala!
Sæle Vaarregn, svala
Turre Kyrkjejord!
Lat no Straumar floda
Til velsignad Groda
Av Guds gode Ord!
Giv det Gror,
Gjer Skurden stor,
Hjelp oss sager Frukt aa bera,
Bloma til di Æra!

Lat i Logar klaare
Elden fraa din Aare
Lysa i vaart Hus!
Lat vaart Hjarta brenna,
Lat di Royst oss kjenna
I den stille Sus!
Loys oss ut
Fraa Synd og Sut,
Lat i krist oss frie finnast,
Til Guds Hjarta bindast!

Giv i Krossen sæla,
Og i Myrkers Fæla
Ver vaar Sol og Skjold!
Giv vaar Ande Vengjer,
So han upp seg trengjer
Sigrande fraa Mold!
Med oss statt
I Daudens Naat,
Naar han skyt oss Skjelk i Bringa,
Du kann honom tvinga!

Medan her me anda,
Lat ved deg oss standa
Trutt i Naadens Stand!
Lat vaart Liv deg æra,
Groda god deg bera
Som eit signat Land!
Til me naar Guds Rikes Vaar,
Himmelhagens rosor plukka,
Liva der i LUkka.