Du Vere Lovad Jesus Krist


Du vere lovad, Jesus Krist!
Du Mann er vorten sant og visst,
Som Broder vaar du komen er,
Og difyr gledst all Guds Her.
Halleluja!

Guds son med evig Herredom
Me finna her i Krubberom.
Uti vaart arme Kjot og Blod
Seg klæder Gud, vaar Herre god.
Halleluja!

Den Gud, som styrer Heimsens Gang,
Han ligg, no her paa Moders Fang.
Den, Allting here Upphave fraa,
Ligg her som ein av vaare Smaa.
Halleluja!

No straalar fram med heilag Glans
Utyver Verdi Ljoset hans,
Det ned i myrke Natti skin
Og lyser oss til Himmels inn.
Halleluja!

Ja han, som var Guds Hjarta næst,
Til Jordi kom som framand Gjest
Og forer oss fraa Naud og Trong
Til Himmels heim med Englesong.
Halleluja!

Han er til Jordi komen arm,
At du skal kvila ved hans Barm
Og vera baade glad og rik,
Hans kjære, sæle Englar lik.
Halleluja!

Det gjorde han, at me derpaa
Hans store Kjærleik kunde sjaa.
Di skal kvar Kristen vera glad
Og love honom allan Stad.
Halleluja!