Fordom Til Federne So Jamt


Fordom til Federne so jamt
Gud ved profetarne talad.
Anden med Syner loyndomsamt
Ned til Guds Maalsmenner dalad,
Andad deim loynt i Hjartat inn
Ordet um den, som kjem og vinn
Frelsa og Liv aat all Verdi.

Men i den sidste Tid herned
Gud gjenom Sonen oss sende
Ordet um Frelsa, Liv og Fred
Fagert til Jordrikes Ende.
Sonen, som er Guds eiget Ord,
Kom som hans Kjærleiks Royst til Jord.
Sjolv er han Frelsa og Livet.

Avglansen av Guds Herlegdom,
Bilæte bjart av hans Æra,
Kom han til Jordheims laage Rom,
Vilde vaart Bilæte bera.
Erving til Himmel og til Jord,
Berande alt med Allmagts Ord,
Viklde vaar Frelsar han vera.

Frelsa han vann og Freda-gjerd,
Sonad vaar Synd og vaar Kvida,
Foor so fraa Jord i Sigerferd,
Sette seg hogt ved Guds Sida.
Englar og Velde, Hogd og Magt,
Allting er honom underlagt,
Allting vaar Frelsa maa fremja.

Jesus, som var so arm paa Jord,
Vanvyrd og framand hjaa Frendar,
Sit no i Somd, av Englekor
Lovad til Himmelheims Endar.
Hogt yver Englar sett han er,
Hævare Namn enn dei han ber:
Englar det Namnet velsigna.

Syng daa hans Heider hogt i Kor!
Himlar hans Æra skal nemna,
Lovsongar ljoda vidt um Jord,
Kalla til Helgadags Stemna!
Giv honom Æra, Lov, og Magt,
Honom, som det av Gud er sagt:
“Som min, i Dag eg deg fodde!