Gud Eg Er Ein Syndug Mann


Gud, eg er ein syndug Mann,
Full av Synd fra Havsens Sand!
Fyr ditt Auga reint og klaart
Kjenner eg mi Synd so saart.
Ho meg yver Hovud stig,
So eg under Byrda sig.

Ja, eg er ein syndar arm,
Men av Naade brenn din Barm.
Du vil ingen Syndars Fall,
Men at alle Fallne skal
Seg til deg fraa Syndi snu,
Liva so ved kristi Tru.

So eg fell til Jesu Fot
Ropande med Bon og Bot:
Eg ein usæl Syndar er,
Aa min Gud, meg naadig ver!
Skjend eg slær mitt Auga ned
Og um Naade græt og bed.

Du, som vaare synder bar,
Til ein Syndars Sukk veit Svar:
Du eit Ord um Liv og Fred
Andar i mitt Hjarta ned,
Og i Tru paa dette Ord
Gjeng eg heim rettferdiggjord.