Gud Gjerer Godt Paa Kviledagen


Gud gjerer Godt paa kviledagen,
Han verkar alltid tru og mild,
Endaa han alt i Edens-hagen
Gjekk inn til Helg i evig Kvild.

Ja, Gud kvar Dag i Verdi verkar
Og all sin Skapning uppe held,
Og all vaar Trong hans Auga merkar
Og blundar aldri naar det gjeld.

Og liksom Faderen arbeider
Fraa fyrste Upphav alt til no,
So verkar Sonen alle Leider
Og ingen Dag seg unner Ro.

Han Kviledag og kvardag helgar
Ved all sin Dag aa gjera Godt:
Han hjelper, lindrar, lyser fjelgar
I Naud og Armod, Sorg og Sott.

So vil han og, at me skal gjera
Kvar Livsdag til ein Heilagdag,
Hans Namn forkynna og hans Æra
I alt vaart Liv, i Lyd og Lag.

Me skal paa Herrens Dag vel kvila
Og stillt oss styrkja i Guds Ord,
Men og hans Kjærleik lata smila
I all den Sorg og Naud paa Jord.

Han vil, at me i Helg og Vyrka
Hans dyre Fotfar fylgja maa,
At me skal Gud med Kjærleik dyrka,
Med Troyst til alle Trengde sjaa.

So gjer og du paa Kviledagen
Og kvar ein Dag i Stilla Godt,
Til eingong du i Himmelhagen
Vert sett til Hogbords med din Drott!