Gud Singe Vaart Dyre Fedraland


Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bloma
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol roma!
Lat Folket som Broder saman bu,
Som Kristne det kann seg soma!

Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gjoymde.
Men Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gloymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet stroymde.

Og Norig det ligg vel langt i Nord,
Og Vetteren varer lenge;
Men Ljoset og Livet i ditt Ord
Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er hogt og Dalen trong,
Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

So blomde vaart Land i Ljos og Fred,
Det grodde so gront i Lider.
Men atter seig Natt paa Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukkad etter Ljos,
Og du lyste upp umsider.

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,
Som lenge vaar Lykka skygde.
Du atter oss gav vaar Fridoms Arv
Og honom i Trengsla trygde.
Du vernad vaart folk og gav oss Fred,
Og Landet med Log me bygde.

Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
Me faafengt paa Huset byggja.
Vil Gud ikkje verja By og Land,
Kann Vaktmann os ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
I Heimen med Fred og Hyggja!

No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror paa ymist Lag,
Det brydder daa etter Plogen.
So signe daa Gud det gode Saad,
Til Groren ein Gong er mogen!