Gud Sjaa Fraa Himmelen Hertil


Gud sjaa fraa Himmelen hertil
Og hjelp oss av din Naade!
So faae her deg fylgja vil,
Ditt Folk er stadt i Vaade.
Ditt Ord i Verdi litet gjeld,
Og Trui er som sloknad Eld.
Myrkt ser det ut paa Jordi.

Med Lærdom rang paa Lygnarveg
No renna mange Munnar;
Dei semjast ikkje millom seg,
Staa ei paa Gudsords Grunnar:
Ein ropar det, ein Annan hitt
Og villar oss med Mannavit
Og Sannleiks fagre Læte.

Gud hjelpe daa den arme Jord
Fyr all den range Læra!
Dei tala og so store Ord:
Kven vaagar mot oss vera?
Me hava Rett, me hava Magt,
Alt gjeld, naar me det hava sagt,
Kven vil vaar Meister vera?

Daa segjer Gud: No upp eg maa
Og deira Ovmod aga.
Eg til mitt arme Folk vil sjaa,
Som sukka maa og klaga.
Mitt gode Ord skal ganga fram
Og gjera Fienden til Skam,
Men mine Arme styrkja.

Sjau Gonger Gull vert skirt i Glod,
Og elden Sylv maa klaara:
So skin Guds Ord med Gullglans god
Igjenom Naud og Taara.
Naar under Kross det rett vert roynt,
Den kraft, som laag i Ordet loynt,
So langt um Land skal lysa.

Gud, lat din Lærdom lysa rein
Her i di kristne Kyrkja!
Naar falske Andar gjera Mein,
So lat ditt Ord oss styrkja!
Statt upp, vaar Gud, aa halda Dom,
Lat ikkje Lygn faa Raaderom,
Guds Born til Sorg og Kvida!