Guds Ord Det Er Eit Heilagt Sverd


Guds Ord det er eit heilagt Sverd,
Som saara maa ei syndug Verd,
Men og kann Saaret groda.
Snart talar Gud i heilag Logn,
Snart tek han Toresky til Vogn,
Hans Ord i Ljonet gloda.
I Eld
Paa Fjell
Fer han neder,
Gjenom Veder
Hamren tonar.
So Guds Log mot Syndi ljonar!

Som Havet aldri gjeng so villt,
Det ei paa Herrens Ord vert stillt,
Og Storm og Bylgjor tegja:
So læt Guds Ord um Naade ned,
Og Hjartat syllest med ein Fred,
Som ingen ut kann segja.
All Sut
Fær Slut,
Stormen tagnar,
Harmen dragnar,
Sorgi blidnar
Midlt som Is fyr Baarsol gidnar.

Guds Ord det er mitt Siloam,
Der Livsens Kjelda sildrar fram,
Som Herrens Hage vatnar.
Guds Ord det er mitt Himmelbraud:
Um Saali var av Hunger daud,
Ved det til Liv ho batnar.
Gud giv
Meg Liv
Av det Manna!
Lat meg sanna,
At den kjelda
Svalar fott i Yngd og Elda!

Guds Ord er Ljoset paa min Veg!
Naar Dimma yver Augat dreg,
Det mildt mitt Hjarta huggar.
Det glittrar klaart som Glimestein,
Det lyser med ein Loge rein,
Som driv dei svarte Skuggar.
Lys meg
Paa Veg!
Eg vil fylgja
Yver Bylgja,
Til eg vender
Heim i Hamn ved Livsens Strender.

Guds Ord det er min Sigersljod,
Det viser Veg og Utgang god
Igjenom alle Trongar.
Naar Hjartat kjenner Daudens Styng,
Guds Ord so sælt i Øyrat syng
Som blide Englesongar:
Far ut
All Sut!
Stadna Taara!
Stillna Baara!
Snart det vaarast
Og til evig Sumar klaarast.

So hogt og herlegt Ordet er,
Endaa dess klaare Tonar her
Fyr uklaart Øyra laata.
Mitt Auga her av Synd er dimt;
Eg ser vel av Guds Ljos ein Glimt,
Men ser som i ei Gaata.
Guds Ord!
Paa Jord
Syn og Sansar
Ikkje ansar
All di Sæla!
Ingen dine djup kann mæla.

Tenk daa, naar syni klaarad er,
Og utan Sky eg skoda fær
Den sol, som der skal renna!
Det, Angat aldri her fekk sjaa,
det, Hjartat aldri her kom paa,
Eg lkaart og grant skal kjenna.
Kor god
Ein Ljod
Daa mitt Øyra
Skal faa hoyra!
Og mitt Auga
I ein Straum av Ljos seg lauga!