I Denne Sote Joletid


I denne sote Joletid
Me maa vel sæle vera
Og brnka all vaar Kunst og Id
Guds Naade hogt aa æra.
Ved den, som er i Krubba lagt,
Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat sott oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann!
So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.

Ein liten Son av Davids Rot,
Som er Gud Faders Like,
Til arme Syndars Sælebot
Steig ned fraa Himmerike.
Det honom saart i Hjartat skar,
At Verdi domd og daarad var
Og gjekk i vonlaus Villa;
Og i slik Kjærleik rik og sotr
Han kom til oss herned paa Jord,
Vaar Hjartesorg aa stilla.

So ber me fram vaar Lovsong glad,
So god som me kann bjoda,
Hosianna og Halleluja
Skal alle leider ljoda.
Guds Ark er komen i vaar Her,
Di syngja me um Sigerferd
Midt under verste Trongen.
Me syngja um den sæle Fred,
So Helvite skal skjelva ved
Aa honra Jolesongen.

Gud er no ikkje lenger harm,
Det kann eg derav læra,
At Sonen fraa hans Faderbarm
Kom ned mi Synd aa bera.
Den Kjærleik verte vida kjend,
At ned til oss Guds Son er send
Til Vesaldom og Vaade!
Kven vil daa ikkje vera sæl
Og svala all si Sorg so vel
I Jesu sote Naade!

Um Naati enn er nog so svart
Ho flyr, naar Soli renner.
So flyr min Hugverk vel go snart,
Naar rett et ser og kjenner,
At Gud so reint usegjeleg
Fraa evig Tid hev’ elskat meg
Og vart min Bror og Like.
Eg gloymer aldri desse Ord,
Som klang herned fraa Englekor:
Guds Fred paa jorderike!

Um Sukk seg blandar i min Song,
Og Graat vil Syni blinda,
So skal daa krossen med sin Trong
Meg aldri Munnen blinda.
Naar eg som kjovd av Sorger gjeng,
Daa stillest best min Harpestreng
Til rette Jolesalmar,
So Krossen og, naar Jesus vil,
Med Songen maa meg hjelpa til,
Naar han meg hardast talmar.

Halleluja vaar Strid er slut,
Kven er her no, som klagar?
Kven vilde ganga boygd av Sut
I desse sæle Dagar
Guds Kyrkjelyd, kved upp i Hogd!
Halleluja! no er eg nogd,
Den Lyst er utan Like!
Halleluja Halleluja!
Guds Son er min, eg fer afstad
Med honom til Guds Rike!