Jesus Du Er Den Himmelveg


Jesus, du er den Himmelveg,
Som til gud Fader oss leider.
Frelsa det er aa finna deg,
Liv og uvisnande Heider.
Du er all Skapnings Ljos og Liv,
Verdi daa enn i Myrker sviv,
Vinglande villt millom Graver.

Ljoset det inn i Myrkret skin,
Myrkret det ikkje vil fata.
Gud sende Verdi Sonen sin,
Verdi daa honom maa hata.
Han millom sine eigne stend,
Er daa av sine ikkje kjend,
Gjeng som ein Framand i Verdi.

Men dei, som honom tok imot
Og ifraa Myrkret seg vinde,
Dei, som i Tru med Bon og Bot
Honom med Frelsaren kjende:
Deim giv han all sin Barnerett,
Foder deim atter til Guds Ætt,
Egger sitt Namn han deim kallar.

Frelsaren til sin Fader for,
Der han oss Rom vilde reida,
Sende so Anden sin til Jord,
Som oss til Sanning skal leida.
Han ved Guds Ord i Jesu Hamn
Viser oss Veg til Himmelhamn:
Jesus er Vegen og Livet.

Jesus, eg hoyra vil til deim,
Som etter deg du kann nemna!
Lat meg ved deg til Himmelheim
Dagleg faa styra og stemna!
Utan din Arm i Miss eg gjeng,
For du meg hogt paa Ørneveng,
Til eg i Himmelen hamnar!