Jesus Eg Hjarteleg Lengtar Aa Smaka


Jesu, eg hjarteleg lengtar aa smaka
Sæla og Sota i Samfundet ditt!
Riv meg fraa alt, som vil halda tilbaka,
Drag meg til deg, somer Upphavet mitt!
Syn du meg klaarleg mi saaraste Sykja,
Syn meg den ovdjupe Skaden i meg!
So at seg kjotet til Dauden maa mykja,
Anden aaleine maa liva fyr deg!

Styrk du meg storleg i Hjartat her inne
Og ved din Ande ditt Verk i meg gjer
Fest deg i Hugen, i Tanke og minne,
Lokka og leid meg, so veik som eg er
meg og mitt eiget eg giv utan Klaga,
Naar berre du i mitt Hjarta vil bu,
Og alle magter paa Dyrri maa draga,
Som vil meg burt fraa din Kjærleike snu.

Sæl den, som kunde det eine faa læra,
Heil seg aa ofra med Hjarta og Saal!
Maatte du, Jesus, no alt fyr meg vera!
Eg er dessverre enn langt fraa mitt Maal.
Jesus som gav meg eit hoyrande Øyra,
Drag du meg og med di Lideing og Raad,
At eg di Lokking maa lyda og hoyra,
Syna min Lydnad i Liv og i Daad!

Hoyr no, min Jesus, di kurrande Duva!
Leita daa upp ditt villfarande Lamb!
Ver du mitt Manna, mi svalande Druva!
Reinsa mitt Hjarta fraa Synd og fraa Skam!
Lat meg ei Trældom med Vokskaven driva,
Som gjerer utanpaa fager og fin.
Men i mitt Hjarta di Log maa du skriva,
So eg i Sanning kann kalla meg din!

Jesus, naar vil du daa giva meg Kvila?
Byrda meg tyngjer, kom tak henne av
Naar skal eg sjaa deg so naadeleg smila?
Reis deg aa stilla det stormande Hav!
Mildaste Jesus, no maa du miskunna!
Loyn ikkje evig di Aasyn fyr meg!
Kyraset Rikdomen vil du meg unna:
Fylla mitt fatige Hjarta med deg!

Naadigste Jesus, mi Bon maa du merka!
Sjaa, for mitt Hjarta vil hungra i Hel.
Du, min Immanuel, Livsvon kann verka:
Kann eg det faa, vert og mettad og sæl.
Eingong du sagde: “Det paa deim vil leita,
Um dei maa fastande fara her fraa.”
Evige Kjærleike, kann du daa neitta
Hungrande Saali ein Smule aa faa!

Jesus, eg vil um din Lovnad deg minna,
Det er min trauste og trufaste Grunn.
“Bed og leite, so faa de og finna!”
Det er eit Ord av din svklanse Munn.
Eg vil med Kvinna fraa kanaan fara
Ropande til deg og vert ikkje still,
Fyrr du paa Boni umsider maa svara:
“Amen, ja Amen, det vert, som du vil!”