Lys Opp Og Klaarna Saal Og Sinn


Lys opp og klaarna, Saal og Sinn!
No blæs so kraftig Andens Vind.
No renn hans Dag so ljos og fjelg,
Den blide, sæle Kvitsunhelg.
So lat oss lova Jesus Krist!
Sin Lovnad heldt han sant og visst.

Du heilag Ande, sanne Gud!
Du Ljos, som evig klaar og prud
Gjeng ut fraa Fader og fraa Son,
Du kom til oss med Ljos og Von,
So heile Verdi fekk av deg
Upplysning full um Livsens Veg.

Med tungar glodande som Eld
Du paa dei tolv Apostlar fell.
Strakst Jesus deim paa Tunga laag,
Og det, som ved ditt Ljos dei saag,
Dei kunde tolka fyr kvar Saal
Av alle Folk og Tungemaal.

Du milde Loge, lys her inn
Og kveik din Kjærleik i mitt Sinn!
Eg gjeng til deg i Kristi Tru
Og beder, du vil i meg bu!
So legg meg til din Guddoms Barm
Og gjer meg ved din Naade varm!

Kom, Guddoms Loge, med di Glod
Og elda upp mitt veike Mod!
Du ser, kor eg i Voni stend,
Du ser, kor tidt mi Taara renn.
So kom daa inn, at Hjartat maa
Din sote Hugnad kjenna faa!

Du Himmelljos! aa lat ditt Skin
Rett lysa fyre Foten min,
Naar Myrkret vert i Verdi svart,
Og Myrkheims Her meg trengjer hardt,
At dei med Harm Og Skjemsla maa
Meg av din Straale upplyst sjaa!

Du Guddoms Sol! lat meg din Glauns
So fylgja her med all min Ans,
At det i Livet kjennast kann:
Du heve klaarat min Forstand,
Og kvart mitt Stig til Livsens Kveld
Maa lysa ved din milde Eld!

Og naar det lid til Daudens Natt,
So hjelp mi Saal, du dyre Skatt,
At ved ditt Ljos fraa dette land
Til Himmels heim eg fara kann
Og kvila der i Dagen klaar
Inntil det store Samlingsaar!

Daa fær vaar Helg den rette Gjerd,
Naar Saal og Likam samlad er
Og prisa so med Tunga fri
Ein Guddom i Personar tri,
So Himmeln glym av Helgaljod:
Halleluja, vaar Gud er god!