Min Jesus Som Er So Hjartegod


Min Jesus, som er so hjartegod,
At fyr dine fallne Broder
Du doyande gav ditt Hjarteblod,
Der Livet fyr alle floder:
Kor skulde daa alle elska deg,
Sommot deim av Kjærleik gloder!

Med Fred fraa din Fader kom du ned,
Med Sæla fyr Sorg og Kvida,
Men aldri du fekk paa Jordi Fred,
Men maatte til Blodet strida.
Og alt ifraa du i vogga laag,
I Verdi du Vondt fekk lida.

For aldri so snart du var paa Jord,
Fyrr Vondt dei deg vilde gjera.
Dei lura med loynraad paa ditt Mord,
Men Englarne Bod deg bera, –
Og driven ifraa ditt Fedraland
Du tidleg maa heimlaus vera.

All Himmelen er din Eigedom,
Guds Englar til Fot deg falla.
Paa Jordi du eig daa inkje Rom,
Der Hovudet du kann halla.
Og fredlaus du gjeng til framandt Land,
Til Gud vil dg atter kalla.

So doydde Herodes Englen kvad,
At Utlegdi var til Ende.
Men endaa din eigen Fedrastad
I Vantru seg mot deg vende.
Og jamvel av Frendar mott med Hat,
Du framand paa Jord deg kjende.

Aa Jesus, som du eg her paa Jord
Som framand til Himmels stundar.
Aa send meg ein Engel med eit Ord
Til Heimlov, fyrr her eg blundar!
Og lat honom so meg leida heim
Der upp i dei ljose Lundar!