Paa Gud Aaleine
Paa Gud alleine
Eg lit i Livsens Trid.
Hans Ord det reine
Veit Raad i rette Tid.
Han alle Stader
Meg forer fri og sæl,
Alt, som meg skader,
Han vender av so vel,
Den gode Fader,
Den Gud Immanuel.
For mine Lyte
Tok Jesus med i Grav,
Og meg i Byte
Sin Barnerett han gav.
Han vil og vera
Min Styrke og min Skjold
Og sæl meg gjera,
Naar her eg sig i Mold,
Og heim meg bera
Til Livsens grone Voll.
Lær meg med byrda
Aa fylgia dine Bod!
Ber du mi Byrda,
Naar eg er utan Raad!
Lat meg ei dragast,
Naar Verdi frelstar meg!
Men kor det lagast,
So hald meg fast ved deg,
Til dess det dagast,
Og heim med Fred eg dreg!
Kom, Gud, og tala
Di Troyst inn i min Barm!
Meg kjærleg svala,
Naar Striden brenner varm!
Til sidste Flaga
I Stilla upp er loyst,
Naar eg fær draga
Fraa Trengsla upp til Troyst,
Og all mi Klaga
Er vend til Sigersroyst!
No, Jesu milde!
Til deg mitt Hjarta snur.
Eg gjerna vilde
Alt vera, der du bur.
Men du deg raade!
Og naar min Time kjem,
Loys du min Vaade
Og gjer min Heimveg kvæm!
For meg av Naade
Til ditt Jerusalem!
Lyst utan Like!
Der kjem eg heim til deg
I Himmerike,
Dertil du korad meg.
Der skal med Æra
Eg kvila fraa min Strid
Og med deg bera
Den Sigerskruna frid
Og so faa vera
Med deg til evig Tid!