Sjaa Dagen Sprett


Sjaa, Dagen sprett
I Anster-ætt!
Han Livet upp vil yngja.
Sjaa, Skuggar fly,
Og Solglytt ny
No gyller Sky,
Og tusund Munnar syngja!

I Morgonstund
Ved Uppstadmund
Eg vil min skapar lova.
Han vaker vel
Fyr Israel,
So trygg og sæl
Eg i Guds Fred kann sova.

Du Sannings Sol,
Som rann i Jol,
Ver du mi Morgonstjerna!
Lys upp min Gang
Som vidsynt Vang
All Dagen lang
Mot Myrkers Vald meg verna!

I all mi Gjerd
Paa Livsens erd
Ditt Ord mitt Ljos maa vera!
Gud, styr min Stamn
Til Himmelhamn
I Jesu Namn!
So skal nog Baaten bera.

So lid og renn
Ein Dag um Senn
Med Sol i Skuggedalar.
Snart Natti lid,
Og fram det skrid
Til Morgon blid
Med Song i Himmelsalar.