Sjaa Der Guds Lamb Kjem Gangande


Sjaa der Guds Lamb kjem gangande!
Stillt fer han fram paa Ferdi.
Sjaa yver honom hangande
all synd og Skyld i Verdi!
til Offerstaden Vegen ber.
Han sigjer: No eg ferdug er
Fyr Admas Ætt aa strida.
Dei syna Kross og Pinsla fram.
Han svarar: Gjerna, Saar go Skam
Eg viljug er aa lida!

Det Lamb er Herren stor og sterk,
Gud av vaar Ætt upprunnen,
som av Gud Fader til det Verk
Vart eine fullgod funnen.
“Gakk, sagde han, min Son, og lid
Det, Adams Ætt til evig Tid
Fyr Syndi skuld maka!
Det er ei Gru og standa i,
Men so vert Verdi frelst og fri.
Vil du den kalken taka?”

“Ja, Fader, ja or Hjartans Grunn!
Eg ber det, du vil skikka.
Lat koma daa den stride Stund!
Eg Kalken ut vil drikka!
Du Kjærleiks store Underverk!
Du Kjærleik meir enn Dauden sterk!
Kven heve kjent din Like?
Som Himmel hog og djup som Hav
Du sorer den til Kross og Grav,
Som eiger Himmerike.

Du med ditt Blod paa Krossens Tre
Fyr mine Brot maa bota,
Lid Hjarteverk og spott og Spe,
So det ein Stein maa grota.
ditt Hjarta ber all Helheims Harm,
Til saart med Sukk det brest i Barm
Og Livet ut maa bloda.
Guds Lamb, kor kann eg lona deg,
At du vart saarad so fyr meg,
So meg du kunde groda.

Din Kjærleik skal meg all min Dag
Or Hugen aldri ganga.
Mitt Hjarta til sitt sidste slag
Ved deg vil hugheilt hanga.
Mitt Hjarta trutt til deg er fest,
Og naar ein Gong mitt Hjarta brest,
Skal du mitt Hjarta vera.
I deg eg hogt vil rosa meg;
Mitt Liv eg gjerna fram til deg
Som Eiga di vil bera.

Din Vænleik vil eg Natt og Dag
Med Gledesongar æra,
Og til mitt sidste Andedrag
Eg vil deg ofrad vera.
Mitt Liv i dine Fotfar skal,
Som Bekken i sin djupe Dal,
So trutt og roleg renna.
Og i min Barm ein heilag Eld,
So lenga Livet i meg held,
Skal til ditt Minne brenna.

Mitt Hjarta no eit Perleskrin
Og Skattehus skal heita.
Eg eig ein Skatt so dyr og fin,
Som ingen upp kann leita.
Burt Perla, gull og Glimestein,
Som klaarast her i Verdi skein!
Her er ein betre funnen.
Og denne Skatten skir og klaar
Er den, som er or Jesu Saar
Og stungne Sida runnen.

Den Eignatingen all mi Tid
Meg gledja skal og gagna.
Han skal meg gjera sterk i Strid,
I Sorger f”lt meg fagna,
I Gleda giva Harpeleik,
Og naar eg er av Hunger veik,
Skal han mitt Manna vera,
I Torste er han Livsens Brunn,
I kvar ei still og einsleg Stund
Han skal meg Fylgje gjera.

Mitt Liv det er min Jesu blod,
Kvat kann meg Dauden gjera?
Um Trengsla brenner heit som Glod,
Det skal min skygge vera.
Det lindrar alle Hjartesaar,
Det gjerer Sorgmods Himmel klaar
Og driv dei tunge Tankar.
Naar Motgang kjem som Storm paa Hav,
Og Livsens Baat vil driva av,
So er hans Kross mitt Ankar.

Hans Blod mitt Purpur vera skal,
Naar eg ein Gong skal treda
Fraa denne heimsens Skuggedal
Til evig Sol og Gleda;
Mi Sæla i Guds Himmelsal,
Der fyr hans Stol eg standa skal
Og Livsens Kruna bera,
Min Heider og mitt Helgaskrud,
Naar der eg stend som Kristi Brud:
Det skal hans Blod meg vera.