Sjaa Heidningar Leggja Mot Herren


Sjaa, Heidningar leggja mot Herren Raad,
Og Kongar mot Kristus rasa.
Men Herren han lær aat deira Daad,
Han kann deim som Krusty knasa.

Vaar Frelsar maa sara til framandt Land,
Av Fienden trengd og trugad.
Han ikkje ein Heim paa Jordi fann,
For Verdi paa Vondt var hugad.

Han flydde fyr Meinraad og Mordarsverd,
Som dei mot hans Hjarta vende.
Slikt roynde han av ei syndug Verd,
Som ikkje sin Frelsar kjende.

Men Gud honom friad fraa Fiends Hand
Og honom sin Engel sende,
Og atter ifraa Ægyptarland
Han heim i Guds time vende.

Min Jesus, eg ferdaft paa Jord som Gjest
Og ikkje meg heime kjenner.
Til Himmelen er mitt Hjarta fest,
Og Heimhugen i meg brenner.

Det Vonde, du leid i ditt Jordlivs Stand,
Det likeins ditt Folk maa lida.
Her fara me gjenom Fiendland
Og maa fyre Livet strida.

Og Verdi oss aldri vil kannast ved,
For Hermerket ditt me bera.
Og skulde ho med oss halda Fred,
Me maatte av Verdi vera.

Aa Herre, lat aldri oss fara villt
Og Hugen til Verdi venda!
For daa er vaar Von um Siger spillt.
Lat aldri so vondt oss henda!

So fer eg paa Jord som ein framand Mann
Og trutt paa mi Heimferd ventar,
Til eingong du or Ægyptarland
Til Kanaan heim meg hentar.