Sjaa Jesus Gjeng Til Jordans Aa


Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa,
Og der han doypast vilde.
Johannes honom tel ifraa
Med bljuge Ord og milde.
Men Jesus segjer: So er rett,
Det i Guds Raadgjerd so er sett,
hans Vilje maa me fremja.

Daa jesus upp or Vatnet steig,
Sjaa, Himlarne seg skilde.
Og Anden ned som Duva seig
Og yver honom kvilde.
Og so ei Royst han hoyra fær:
Min Son, den elskade, det er,
I honom er min Hugnad!

Min Jesus, eg maa undra meg,
Kvi du deg doypa maatte,
Som rein i Rettferd kjende deg
Og Synder aldri aatte.
Kvat vil du ved umvendings Bad?
Kvi stend du her paa Syndars Stad
Som eg og mine Likar?

Aa Kjærleiks Loyndom, djup og duld!
Du vilde her meg læra,
At du fyr usæl Syndars Skuld
All Rettferd vilde gjera.
Guds lamb, do bar mi Synd og bad
Aa verta doypt i Syndars Stad,
Deg til mi Soning vigde.

So ser eg og, kor dyr og stor
Min Daup er i Guds Auga:
Guds Ande ned paa Vatnet for,
Han meg til Liv vil lauga,
Og Herrens Hygnad med hans Fred,
Som kom med deg, Guds Son, herned,
Du vil meg Syndar giva.

So Takk fyr denne Jordanferd,
Ja tusund Takk og Æra,
At meg, som ikkje var det verd,
Du Livsens Veg vil læra:
Naar eg i Tru til deg vert doypt,
Som meg fraa Dauden heve kjoypt,
So skal eg evig liva!