Sjaa No Vil Jesus Draga


Sjaa, no vil Jesus draga
Inn i den Mordarstad,
Endaa dei honom laga
So stort eit Blodebad.

Endaa hans Auga klaarleg
Kann sjaa si Pinsla nær;
Han veit, den Veg er faarleg
Og fram til Dauden ber.

Han gjeng med Logn i Bringa
Den Vondskaps Her aa slaa,
han veit, han skal deim tvinga
Og evig Siger saa.

Hans Ferd er ring i Syne,
Eit Asen honom ber,
Daa kann han gjera tyne
Paa Satan og hans Her.

Her er han, som vil frelsa
Kvar syndebunden Træl.
Upp, sions Dotter, helsa
Og mot din Konung vel!

Her er han, som vil sagna
Deg med sin Kjærleik god.
Her er han, som vil gagna
Deg med sitt Hjarteblod.

Her er han, som vil bera
Ein Tornekrans fyr deg.
Her er han, som vil vera
Din Konung æveleg.

Min Jesus, giv eg kunde,
Som eg so gjerna vil,
Deg æra nokorlunde,
Aa, hjelp meg sjolv dertil!

Eg mine Klæde berider,
So gjerna fyr din Fot
Og gjeng til Takk og Heider
Med Lovsong deg imot.

Eg ber go mine Palmar
Fram paa din Sigersveg
Og syng so mine Salmar.
Aa jesus, hoyr du meg!

Eg kved eit Hosianna
Fyr deg, min Frelsar god!
Eg skal di Æra sanna
med sæle Sigersljod.

Til Lukka, ja til Lukka!
Til Liv og Loysning gakk
Fyr oss, som bundne sukka!
Og have so evig Takk!