Upp Alle Ting Som Gud Hev Gjort


Upp, alle ting, som Gud hev gjort,
Hans store Namn aa prisa!
Det minste, han hev skapt, er stort
Og kann hans Allmagt visa.

Gjeng alle Kongar fram i Rad
Og seg til Storverk etla,
Dei megtast ei det minste Blad
Aa setja paa ei Netla.

Ja, Englarne med all si Kraft,
Som Herrens Kongstav bera,
Dei aldri hava Evne havt
Det minste Grand aa gjera.

Eg undrast paa det minste Straa,
Som Skog og Dal kann pryda.
Kor skulde eg vel Visdom faa
Til berre det aa tyda!

Enn naar eg fær det Fylgje sjaa,
Som fram i Heimen skrider:
Alt Folk, som kom og kvarv ifraa,
Dei lange, lange Tider!

Kvat skal eg segja um den Her,
Som gjenom Skogar yrer,
den Flokk, som stig fraa Fuglevær
Og upp til Himmels styrer?

Kvat skal eg segja, naar eg stend,
Der blomar gro i Engjer,
Og Fuglesongen saman renn
Som tusund Harpestrengjer?

Kvat skal eg segja um den Mengd,
Som gjeng paa Havsens Grunnar!
Kven mæler all den Dypt og Lengd?
Kven mettar desse Munnar?

Kvat skal eg segja, naar eg snur
Til Himmels upp min Tanke
Og ser den Heim, der Soli bur,
Den straalande og blanke?

Kvat skal eg segja, narr eg ser
Dei ljoje Stjerneflokkar,
Kor mildt dei smiler til meg ne’r
Og upp til Himmels lokkar?

Kvat skal og segja, naar eg ser
I Anden upp og vender
Mitt Auga til den Engleher,
Som um Guds Trona stender?

Kvat skal eg segja? mine Ord
Dei vil so litet segja.
Min Gud! din Visdom er so stor,
At Mannamaal maa tegja.

Alt, som hev Ande, lova skal
Vaar Gud med heilag Heider.
Hans Lov skal fylla Fjell og Dal
Um alle Heimsens Leider.

So love gud paa denne Jord
Kvar, som hev Munn og Mæle!
Og Englarne i heilag Kor
Skal syngja med so sæle.

Kved upp, du Her av Folk paa Jord,
Med tusund Tonar saman:
Halleluja, vaar Gud er stor!
Og Himmeln svara: Amen.