Upp Gledjest Alle Gledjest No


Upp, gledjest alle, gledjest no
Med Fagnad, Fred og heilag Ro
I Herren, dykkar Gleda!
For Jesus han er no so nær
Og vil, daa han oss heve kjær,
Uti vaart Kjot seg klæda.

Burt Sorg og Saknad or vaart Sinn!
Gus Gleda lata me no inn,
At me kann Jesus fagna Med
Bon og Hjartans Takk og Tru,
Med honom skal i Fred me bu,
Og Gleda aldri tagna.

Gud, lat din Fred, som hogre er,
Enn Hug og Vit kann fata her,
Vaart Hjarta vel faa vara
I Kristus Jesus, at me maa
So stor ei Jolegleda faa,
Som aldri burt maa fara!