Upp Hjarta Ror Din Beste Streng


Upp, Hjarta, ror din beste Streng,
So Tonen rein til Himmels gjeng,
Og Songen rett kann laata
Til Æra fyr den Sigersmann,
Som veldug yver Dauden vann
Og loyste Livsens Gaata!
Han av
Si Grav
Sprengde Stenget,
Fyrehenget
Sunder rivnad,
Og dei Daude atter livnad!

Du Livsens Fyrste, Jesus Krist,
Du er uppstaden sant og visst
Og sedd av mange Broder!
Me lova hogt di store Daad,
No vita me fyr Dauden Raad:
Vaart Bonesaar du grOder.
Du slær Hans Her,
Som med Velde
Verdi felde.
sjaa, den Sterke
Stuper fyr dit Sigersmerke!

Som Kornet einslegt doyr i Mold,
Nen sidan gror med mange Foll,
So gav du herleg Groder:
Ein Her av Broder utan Tal
Ved deg or Gravom ganga skal,
Vaar fyrstefodde Broder!
Daa ber
Guds Her
Fram eit Kvæde Fyr det Sæde
Uta Like,
Som no blomer i Guds Rike.

so fell meg, Daude, med din Sigd!
Eg er til Livsens Vokster vigd
Og etter Mogning stundar.
Eg gjeng i Gravi utan Graat,
No læt derinne Englelaat,
Usegjelege Lundar!
Den Song
Ein Gong,
Naar all Fagnad
Her er tagnad,
Sælt skal ljoda
Og meg heim til Hogtid bjoda.

Fraa herrens Grav ein Straale klaar
No tindrar inn i Saali vaar.
sjaa, Kristus fyr oss lyser!
Mitt Hjarta, fyrr ein Gravstad tom,
Er no Guds Hus og Heilagdom,
For no Guds Son det hyser.
Fly Natt!
Og statt
Upp, du Daude!
Sjaa dei raude
Morgonstraalar,
Som di Grav med Soll gull maalar!

So kom daa, sæle Paaskedag,
med Sigersong um vunnet Slag,
Med Hogtid i vaar Byrka!
Kom, store Dag med Livsens Ord,
Med Ljos til alle Folk paa Jord,
Som vil vaar Frelsar dyrka
Kom klar
Kvar Vaar!
Giv oss Arme
Livsens Varme,
Til det dagast
Og til evig Paaske lagast!